Nyhet

Hjelmeland knuste tabelltoppen

Av Morten H.Storli, 10.9.2010 00:00

Referate fra Hjelmeland kampen fra Lokal avisa på Hjelmeland.

Hjelmeland knuste tabelltoppen

Tok tre poeng i toppoppgjer i 6. divisjon.

Publisert 09.09.2010

Av Morten Hetland

 Siddis, eller Show som dei kallar seg sjølv, feira sitt femårsjubileum under denne kampen, men gleden vart fort utvikla til frustrasjon. Den første omgangen var hektisk og med mange målsjansar for beggje laga. 35 minutt etter kampstart runda derimot Stian Øvrehus målmannen og sette inn Hjelmeland og kampen sitt første mål.

Fire minutt seinare måtte diverre Hjelmeland-målmann, Sveinung Sandvik, sjå ballen gå inn i sine eigne moskar, men som ei trøyst skuldast dette ikkje gode prestasjonar frå Siddis, men ein uheldig kommunikasjonstabbe. Laga gjekk til pause med stillinga 1-1, men i andre omgang vart laga mykje meir aggresive, og Siddis fekk snart merka kva motstandarar dei hadde med å gjera, då Hjelmeland bokstavleg talt spelte i medvind.

Allereie tre minutt ute i andre omgang gjekk Even Østensen åleine til Siddis sin målmann, og leverte eit flott mål nummer to til Hjelmeland. 24 minutt seinare rykte Reinert Helgøy frå Siddis sine forsvarsspelarar og plasserte ballen elegant i mål. Til Siddis sin store frustrasjon var stillinga då 3-1, og Hjelmeland greidde å halda stillinga like til kampen vart blåst av.

Hjelmeland har no vunne 8 av 11 spelte kampar, og ligg berre to poeng bak tabelltoppen.

Kilde: http://www.strandbuen.no/modules/module_123/proxy.asp?C=116&I=41602&D=2

| | |