Nyhet

FALKEID I PARADISE

Av M H.Storli, 26.5.2012 00:00

Dette står på lokalfotball.com og i tysvær blad.

Dennis Poppe Thorsen er kan hende meir kjend frå «Paradise hotel» enn frå fotballbanen. Men har var eit frisk innhopp mot Falkeid. Her i duell med keeper Øystein Odland og Sondre Voll. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Med Dennis frå Paradise Hotel på banen blei litt glam-faktor over botnoppgjeret på Troppene. Men det var heimelaget som stal showet.

– Ein utruleg herleg siger. me har slitt med marginane, men i dag hadde me hellet med oss, seier trenar Frode Hundsnes.

Falkeid tok tidleg leiinga ved toppskårara Kenneth Kristiansen som enkelt rulla inn eit flott framspel frå banens beste spelar Geir Espevik.

– Nydeleg framspel og eg traff ikkje heilt reint, men ballen rulla inn i lengste hjørne. Herleg, rett og slett sa Kristiansen.

Kjell A. LIndgren auka til 2-0, før Christope Tellaroli reduserte og skapte spenning. Men like før slutt avgjorde spelande trenar Frode Hundsnes kampen frå ellvemetersmerke og rulla inn 3-1. Øystein Odland redda ein straffe for Falkeid på stillinga 2-0.

| | |