Nyhet

TI MINUTTER I SØVNE ØDELA FOR FC SHOW

Av pm, 19.8.2012 00:00

Daniel Håland showet for Show TV til ingen nytte. Sauda snudde fra 0-1 til 3-1 på 10 min.

Sauda - Siddis 3-1 - Video fra kampen kommer

Sauda kunne juble over hjemmeseier mot Siddis i dag.

Sauda skåra tre mål på under ti minutt.

Av Linda Merethe Lie, Ryfylke.net

I dag, laurdag, tok Sauda imot Siddis, eller FC Show som dei helst kallar seg, på heimebane. Vertana starta offensivt og hadde føringa i starten av første omgang. I siste halvdel før sidebytte tok imidlertid Siddis meir over og pressa Sauda hardt. Ti minutt før pause klarte dei rosakledde å overliste heimelaget sin målvakt og trenar, Jan-Ove Teig. Laga gjekk i garderoben med stillinga 0-1.

Kva Teig sa til spelarane i pausen er ukjent, men det var ikkje tvil om at det virka. Stian Håheim, som grunna skade berre spelte ti minutt i vårsesongen, utlikna omlag ti minutt ut i andre omgang. Minuttet etter fulgte Atle Mehus opp og ga Sauda føringa i kampen. Kort tid signerte også toppskårar Øyvind Svandal seg i målprotokollen og fastsette med det sluttresultatet til 3-1.

– Fantastisk deilig med tre poeng, særleg etter å ha lege under. Laget gjorde ein formidabel innsats, kommenterer ein svært nøgd Jan-Ove Teig like etter kampslutt.

| | |