Mortens hjørne

Referat fra Finnøy-Muskel kampen .

22.10.2011 00:00

Her kan dere lese om Finnøy sin seier mot Muskel.

Sjølv om plassen i divisjonen var sikra, så leverte Finnøy ein solid innsats på ein svært vanskeleg bane då vann heile 5-2 over sandneslaget Muskel på Leikvoll laurdag ettermiddag.Ved pause stod det 2-1 til bortelaget

Kampen byrja svært uheldig for heimelaget.Alt etter nokre få minuttars spel, sto det 1-0 til Muskel. Eit frispark like utanfor sekstenmeteren blei sett direkte i mål før heimelaget rakk å få stilt opp muren. Berre nokre få minuttar etterpå, fekk laget tildelt eit noko lett idømt straffespark som blei sett sikkert i mål.Likevel held Finnøy fram med å skapa sjansar på den sørpete og vanskelege banen, og ved eit par høve smalt ballen i stolben bak Muskel sin keeper. Det skulle likevel enno gå nokre minuttar før heimelaget fekk hol på byllen, då Anders Eike sette ballen knallhardt i nettet nede i høgre hjørne for keeper. Finnøy kunne med litt meir presisjon i avslutningane, lett ha gått til pause med uavgjort.
Det skulle likevel gå åtte minuttar av andreomgangen før laget utlikna, då ein aggresiv Torjus Halsne vann ballen frå bortelaget sin eine stoppar, vippa den over ein utrusande keeper og trilla den enkelt inn i det opne målet.
Finnøy heldt fram med å pressa Muskel over på defensiven, og det var difor fullt fortent då Marton Østbøvik førte laget i leiinga etter 19 minuttars spel ut i andreomgangen. 4-2 kom like etterpå då halsnøybuen Torjus Halsne drog seg forbi venstrebacken til Muskel og la inn i feltet. Der kom sambygdingen Rasmus R. Skartveit på eit løp og banka ballen knallhardt opp i nettaketbak ein sjanselaus keeper. Ei glitrande scoring etter eit flott oppbygd angrep på høgresida. 10 minuttar før slutt var det så veteranen Tor Øyvind Skeiseid sin tur, då han i sin siste A-lagskamp på Leikvoll blei lagt ned inne i feltet.Straffesparket vart sett i mål av ein tredje halsnøybu på banen, Anders Eike, som dermed scora sitt andre for dagen og fastsette sluttresultatet til heile 5-2.
Dermed gjekk laget opp i 27 poeng før den siste kampen borte mot Siddis neste uke. Det etter ein sterk haustsesong, der særleg dei rutinerte spelarane sitt inntog synest å vera ein vesentleg grunn til laget sin gode poenghaust.





 

| | |

Mortens Hjørne

På denne siden vil Morten komme med nyheter, synspunkter og ting som berører klubben.

Alle som kjenner Morten vet at han er en fantastisk gutt. Engasjert, smilende og alltid i godt humør. Av og til har han litt problemer med og ta på seg markeringsvesten, men å spille fotball det kan han. Morten vet også alt om fotball. Tviler du på hans kunnskaper finner du fort ut at Morten har rett.

Tidligere innlegg

08.00.2014 Magisk sesong i 2012...
08.00.2014 I 2014 spiller Siddi...
16.00.2013 Fotball trenning og ...
13.00.2013 Følgende divisjoner/...
09.00.2013 MUSTAFA SIN NYE BIL
29.00.2012 Torsdag 31/1 kl 19, ...
06.00.2012 Oppsummering av vår ...
31.00.2012 OPPSUMERING AV REKRU...
11.00.2012 FØR RUNDEN: 4.divisj...
20.00.2012 NORDICBET HAR FC SHO...
16.00.2012 Morten sin målsetnin...
05.00.2012 Dag 4 i Barcelona/Si...
04.00.2012 Dag 3 endte med sand...
03.00.2012 Dag 2 av Barca turen...
02.00.2012 Vi koser oss i barca...
01.00.2012 Vanskelig kamp for B...
27.00.2011 FC Show sitt foreløp...
13.00.2011 Statestikk for innen...
06.00.2011 Reportasje fra Oppry...
30.00.2011 God motstand i POL t...
22.00.2011 Referat fra Finnøy-M...
11.00.2011 PAVEN DYPT RYSTET
30.00.2011 828 passninger i løp...
18.00.2011 Barca I den åttende ...
11.00.2011 MÅLFEST I KVERNEVIK
26.00.2011 FC SHOW Rekrutt på 6...
21.00.2011 SPILLEROVERGANGER ( ...
21.00.2011 Oppdatering av tabel...
13.00.2011 Her er tabellen for ...
31.00.2011 Oppdatering fra Euro...
18.00.2011 OPPSUMERING AV FC SH...
30.00.2011 Fjortoft og Steinar ...
28.00.2011 Tidenes Toppscorer i...
28.00.2011 Jan Åge Fjørtoft til...
14.00.2011 Husk Kose trenning i...
21.00.2011 Seriestart for Rekru...
16.00.2011 Sviland-FC Show 0-0
13.00.2011 Sviland refrerat før...
10.00.2011 Husk Rekrutt trening...
03.00.2011 De kaller niåringen ...
04.00.2010 BARCELONA TUR FOR FC...
14.00.2010 Noen som vil ha 3 s...
13.00.2010 Rekrutt laget sin se...
06.00.2010 RBK burde ha vunnet ...
17.00.2010 TROPPEN TIL REKRUTTK...
11.00.2010 Morten sin Oppsummer...
10.00.2010 Statestikk for Rekru...
01.00.2010 Rbk vant 2-1
28.00.2010 På Torsdag skal jeg ...
10.00.2010 Bra vår sesong for r...
08.49.2010 Livet i FC Show.
20.10.2010 Min vurdering av ret...
20.10.2010 Mitt stjernelag fra ...
20.02.2010 3 LAND SOM JEG BLE I...

Sponsorer